SUREMARIA Saramoria, ellerSara Marie som ho eigentlig heiter, bur saman med mora og har ein far som ... |
JOMFRU MARITA Tøffe Kaia er ny i bygda,og søker raskt vennskap med den langt mindre erfarne Marita. Kaia provoserer og til... |
|||
SARAMORIA Dette er historia omSaramoria som bur i ein bygdeby, saman med mora si og som er så glad i ,,, |
STOREMARIA Det var stor stas dåStoremaria og Minus fekk ei veslesøster. Stas hadde det og vore da far til Store,,, |
TONJE I TREET Tonje er lei av å vere der alle berre er utan å vere nokon stad som t.d. på
skulen, ved leikestativet eller ved fotballbana ... |
STOREMARIA Det var stor stas då Saramoria og Minus fekk ei veslesyster. Stas hadde det og vore då far til Saramoria, rockemusikaren Ronny, hadde gifta seg med mor til Minus, bestevenen hennar. Det var ikkje ende på kor gjevt det var med den nye babyen. Det fylte liksom all tid og alle tankar. Mykje arbeid var det og med slike små, og både Minus og Saramoria blir storesysken og må hjelpe til med barnepass og stell. Så for Storemaria kom heimen med mora og den nye kjærasten hennar og skulen heilt i bakleksa. Og så var det det som ho lurte slik på: Hadde Ronny vore der då ho sjølv var baby? Hadde han vore like forgapt i henne som i den nye babyen? Mora til Storemaria hadde aldr ville svare på det. |
SUREMARIA Saramoria, eller Sara Marie som ho eigentlig heiter, bur saman med mora og har ein bestekamerat som heiter Minus. Ronny, pappaen hennar er rockemusikar, men mamma likar han ikkje lenger, og no er han kjærast med Tordis, mammaen til Minus.Ein laurdag får Saramoria overnatte heime hos Minus. Men då ho kjem heim står ein framand, blå tannbørste på badet. Ei frisk og morosam bok med ein herleg overraskande slutt. Fin som høgtlesingsbok og so lettlestbok. |
SARAMORIA Dette er historia om Saramoria som bur i ein bygdeby, saman med mora si og som er så glad i far sin; rockemusikar og industriarbeidar. Han heiter Ronny og bur ikkje så langt frå henne og mora, og då soga byrjar, har han til og med ring i nasen.Saramorie har ein ven som heiter Minus, slik heiter han fordi han er liten, mindre enn dei andre. Også han lever saman med mor si, men medan Saramorias mor arbeider i ei bakeri, så slår mor hans seg fram som kunstnar, seier ho, det vil seie at ho lagar dokker. Den største skilnaden mellom dei to er likevel at Minus ikkje har nokon far, for det har mora sagt. Alle har ein far, påstår Saramoria, i alle høve bør alle ha det. Kanskje Ronny kan vere far hans og? Forteljinga er enkel og verknadsfullt fortalt på ein levande nynorsk, den er klår og menneskeleg innsiktsfull. |
OM Å LESE BØKER Eg veit at ikkje alle likar så godt å lese bøker. Mange synest at bøkene er altfor tjukke og tettskrivne, med lange setningar og vanskelege ord. Heldigvis finst det bøker som er skrivne slik at dei er lette å lese, utan at innhaldet av den grunn er barnsleg. Men det er altfor få av dei. ”Tonje i treet” er ei slik bok. Det er den siste boka eg har skrive, og ho kjem ut i september 2005. Ho er lett å lese, men passar likevel best for store born opp til 13 år. Eg har planar om å skrive fleire lettlesne bøker, både for barn og ungdom. |
KVAR FÅR DU KJØPT BØKENE MINE Til opplysning er ingen av deitre bøkene om Saramoria eller Jomfru Marita lenger å få hos forlaget. Eg har derimot nokre eksemplar av Saramoria, Storemaria og Jomfru Marita (ikkje Suremaria) som eg sel for kr 25.- pr. stk. Den nyaste boka mi - Tonje i Treet - får du kjøpt i bokhandlar rundt om i landet. |
Eg er født 1947 i industristaden Høyanger. Her har eg budd heile livet, bortsett frå nokre få år da eg måtte bort for å ta utdanning. Høyanger ligg ved ein liten arm til Sognefjorden. Her bur vi tett sammen, med sjøen på ein kant og høge, bratte fjell på dei andre. Det var ein flott stad å vekse opp, med sjø, fjell, skog, steinrøyser, elvar og gater der vi kunne leike og boltre oss. |
Den gleda eg har hatt av å lese bøker, unner eg alle å oppleve. Eg likar å lese enno, men etter at eg begynte å skrive sjølv, har eg ikkje lese så mykje som før. Eg begynte ikkje å skrive bøker før eg var nærmare femti år. Innerst inne har eg nok alltid hatt ein draum om å vere forfattar. Men først da borna mine var blitt vaksne og flytta heimefrå, gjorde eg alvor av det. Av utdanning er eg adjunkt, og eg har arbeidd som lærar i barne- og ungdomsskulen i over tjue år. No arbeider eg med å skrive bøker. Eg er gift og har tre vaksne born og tre borneborn. | |
Det var massevis av born her, og vi mangla ikkje leikekameratar.
Eg trur eg vil kalle meg sjølv ein storbrukar av alle desse mulegheitene. Likevel, det beste med å vere ute og leike var å vite at heime venta bøkene. Lass med bøker, lånt på skulebiblioteket og folkebiblioteket. |
TONJE I TREET Tonje er lei av å vere der alle berre er utan å vere nokon stad som t.d. på skulen, ved leikestativet eller ved fotballbana. Ho gjer aldri noko gale, er aldri sjuk og er flink på skulen. Men no er ho sint, for kvar gong det skjer noko med lillebror Morten spør alltid foreldrene kor ho har vore. Når ho seier at ho har vore under trappa og lest bøker eller stått bak døra, seier dei at det er vel ingen stad å vere. Men no er ho lei av å ikkje vere nokon stad. Tonje klatrar opp i den store furua ved steinrøysa og gøymer seg der. Heile bygda leitar etter ho, men ho svarar ikkje når dei ropar på ho. Når ho kravlar seg heim igjen og alle spør kor ho har vore vil ho svare: ”Eg har vore ein stad”.Dette er ei forteljing om å finne seg sjølv. Har korte enkle setningar. Nynorsk tekst. Høgtlesning og lettlestbok for småskole-/ mellom-trinnet. Ill.: Jørgen Blitzner.
|
JOMFRU MARTIA Tøffe Kaia er ny i bygda – og søker raskt vennskap med den langt mindre erfarne Marita. Kaia provoserer og tiltrekker med utseende, væremåte og livserfaring, og er ettertraktet både av guttene i niende og eldre gutter. Det gjør ikke særlig inntrykk på Kaia, men for Marita blir det et problem at hun har så lite erfaring med kjærester – inntil hun en dag forstår hva som ligger bak Kaias tøffe ytre. |